Tilbake

Personvern

Kundekontoen behandlar personopplysningar som e-post, namn, telefon, adresse og ordrehistorikk når du vel å bruke konto.

Kva vi lagrar

E-postadressa er nødvendig for innlogging og ordrehistorikk. Namn, telefon og standard adresse er frivillig og kan endrast frå profilen. Vi lagrar ikkje betalingskort i Bastion.

Kvifor vi lagrar det

Opplysningane vert brukte til å vise ordre knytt til verifisert e-post og til å kunne fylle ut kontaktfelt raskare ved framtidige kjøp.

Kven som ser opplysningane

Logolink driftar plattforma. Butikken ser opplysningar som trengst for konkrete bestillingar. Plattformadmin kan sjå nødvendig kontoinfo ved support og drift.

Rettar

Du kan oppdatere profilen sjølv. Sletting, eksport eller retting som ikkje ligg i UI enno må handterast manuelt av Logolink i v1.